Nordsamisk ordbok

På engelsk In English På finsk Suomeksi På russisk По-русски På samisk Sámegillii

Vuosttaš Digisánit - nordsamisk-norsk ordbok

Vuosttaš Digisánit er ei nordsamisk-norsk elektronisk ordbok. Ordboka kan du installere på di eiga datamaskin.

Innholdet i ordboka

Ordboka bygger på Nils Jernslettens Álgosátnegirji. Noen av orda er forandra til dagens normative skrivemåte. Det er også tatt med ord frå lærebøker som brukast i samiskopplæringa, og frekevente ord frå samiske tekster.

Ord fra følgende bøker er tatt med:

  • Lærebøker
    • Eira & Gaup: Ánin dánin – mu lohkangirji. Davvi Girji os 2008.
    • Guttorm et al.: Davvin 1-4. Folkets brevskole 1992-1994.
    • Johnskareng: Sárá ja su ustibat. Davvi Girji 1998.
    • Johnskareng: Oaidnalit. Davvi Girji 1995.
    • Johnskareng: Bures, bures fas. Davvi Girji 1994.
  • Skjønnlitteraturss
    • Johansen: Sárá beaivegirji. ČálliidLágádus 2010.
    • Sokki: Mu ártegis eallin. Davvi Girji 2007.
    • Vars: Čábbámus iđitguovssu. Iđut 2002.

Ordboka inneheld omlag 9900 lemma, av dei er 634 stadnamn. I tillegg er dei fleste ordforma av orda med. Det vil seie at ordboka kjenner att bøygde ord også:

  • Substantiv og talord er i båe tal og i alle kasus.
  • Pronomen er i alle tal og personar og i alle kasus.
  • Adjektiv er komparerte og i båe tal og i alle kasus, dessutan er attributtforma med.
  • Verb er i alle personar og tal alle modi, dessutan passivformar av transitive verb i alle personar og tal og aktioformer i båe tall og alle kasus. Dessutan infinitte former.

Til verb, substantiv, talord og adjektiv er presenterast nøkkelformer, til hjelp for brukarane når dei skal bøyge orda. Til pronomen presenterast alle formene. Det er 2097 eksempelsetningar.